Besøkande

søndag 3. juni 2012

the end... and a new chapter will begin!

bruddet er eit faktum
og eg flytter til Sandnes
treng berre leilighet først

fredag 1. juni 2012

ting er satt på vent

Prosjektet som inneber eit gammalt huskestativ, 
pallar og litt mjukare ting,
er satt på vent
Bearbeiding og fornying av hagen er satt på vent
Sommarene er satt på vent

Bloggen er noko usikkert
Er godt å skrive om det som skjer,
både dei gode tinga og dei vonde tinga

Vondt og godt om kvarandre

K kom heim midt på dagen idag!
Eg kom heim seint i kveld, 
etter ein Vassøytur
og samtale med TanteVassøy
Det gjorde UTRULEG godt !

Då eg kom heim,
snakka og grein eg og K i to timar
Det gjorde og godt!
Me er ikkje feridge ennå
Eg fekk gode klemmar 
og me hadde ein overrasskande
 rasjonell samtale (eg har ikkje så lett for det alltid)
 der me satt på kvar vår side av kjøkkenbordet

Fortsatt litt forvirra og usikker,
men kjenner at det er godt for sjel og sinn å snakke
Det er terapi i ein god samtale
Det styrkar meg og gjer meg sterkare
til å takle alt dette
 - uansett utfall...

Formen derimot -  er dalande;
eg frys, frys og frys og hovudet er tungt om berre det!
Det er nok psykisk såvel som fysisk,
men kjedelig uansett!